HARDINGFELESPELET – TRADISJONSLINENE

Av Herdis Lien

Hardingfela kom truleg til Telemark på slutten av 1600 – byrjinga av 1700-talet. Rikard Berge nemner at Tore Knaben frå Fjotland som kom flyttande til Kvambekk i Åmotsdal tidleg på 1700-talet hadde med seg både fele og langeleik. Ser ein dette i høve til at den eldste hardingfela me kjenner til, Jåstadfela, er frå 1651, har instrumentet kome tidleg til øvre Telemark. Me veit også at det ikkje svært mykje seinare er nemnt felemakarar på Seljordsheia.

Musikken er truleg eldre. Før fela vart vanleg, vart slåttane spela på fløyter, munnharpe eller langeleik, eller rett og slett ”tulla”(tralla).



Tyngdepunktet for hardingfelemusikken låg lenge i Hardanger, men flytte seg rundt 1850 til Telemark.

Tradisjonslinene

Med tradisjonsliner forstår ein både slektsliner og liner som kan trekkast på bakgrunn av det ein veit om vegen dei ulike slåttane og typene innan slåttemusikken har vandra og blitt vidareførde gjennom generasjonane.

Spelet i Telemark kan tradisjonelt delast inn i tre hovudliner, Gibø - , Myllar- og Fykerudlina. Gjennom tida har det ut frå desse utvikla seg mange ulike retningar i spelet, men grunnlaget kan seiast å ligge i desse linene.

   

Gibø-lina

Gibø-spelet eller Tinnspelet som det også har blitt kalla, finst i dag mest i austre og øvre(nordre) delar av Vest-Telemark, samt i Tinn. Noko har også vandra til Tuddal.

Gibøspelet er kjenneteikna av forholdsvis enkle, stutte slåttar og vek, med gamal tonalitet og dåm. Slåttane er ofte rolege, lyriske og spela på nedstilt bas (GDAE), og kan vel karakteriserast som mollprega.

Spelemennene

Brynjulv Olsson(ca. 1700-)

er den første omskrivne storspelemannen i Telemark. Han kom opprinneleg frå Numedal, og verka som fehandlar og spelemann. Brynjulv Olsson vart gift og busette seg i Tinn, og fekk 18 barn. Han var forpaktarspelemann i Tinn og omeign. Dette tyder at stadsmusikanten hadde gjeve han einerett på speling i bryllaup eller andre tilstellingar i området. I Vest- Telemark hadde Jon Kjos eineretten på spel.

Gjennom sonen

Knut Brynjulvsson Sønstaul (1771-1863),

Hølje Leikanrud (1759-?) og

Jon Kvammen(Kjos)(1754-1826) fekk

Knut Luraas(1782-1843)

lære det gamle spelet. Han var spelemann og rosemålar, ein yrkeskombinasjon som ved sida av å vera spelemann og skreddar var svært vanleg. Knut Luraas hadde to brør, Øystein og Tomas, som begge dreiv med rosemåling. Tomas spela klarinett, og skal ha spela saman med hardingfela. Dette må truleg mest ha vore militærmarsjar, da det var der han hadde lært klarinettspelet.

Tomas Luraas sat i mange år fengsla på Akershus festning for å ha drive med trykking av falske pengar.

Knut Luraas reiste mykje rundt med spel og måling. På denne måten kom han i kontakt med spelemenn frå andre distrikt og lærde av desse. Slik fekk han også impulsar til å vidareutvikle spelet sitt. Rikard Berge har gjeve han æra for å ha ”lyft bygdespelet opp til landskunst”.

Av spelemenn ein veit Knut Luraas hadde kontakt med, kan nemnast Nils Rekve frå Voss, Jørn Hilme frå Valdres og løytnantsdrengene i Numedal.

Det viktigaste ved Knut Luraas i denne samanhengen er likevel at han var ein av dei som lærde opp Håvard Gibøen. Knut Luraas døydde på Kongsbergmarken i 1843.

Håvard Gibøen(1809-1873)

Håvard Gibøen var fødd og voks opp på garden Gibøen på Møsstrond. Oldefar hans var Tore Knaben frå Fjotland som er nemnd tidlegare. Far til Håvard hadde fele, og spela truleg også, utan at ein veit om han var nokon stor spelemann. Mor til Håvard, Åsne, var religiøs, og likte ikkje at han fekk interesse for spel. Bestemor Barbro, derimot, sytte for at guten fekk lov å prøve seg på fela til faren.

Knut Luraas var ofte innom på Gibøen når han var på spelferder, og han skaffa Håvard ei lita fele, og lærde han slåttespel. Seinare lærde Håvard også av Øystein Langedrag frå Seljord, og av Myllaren.

Håvard vart gift med Mari Eika frå Bø. Livet vart ikkje lett for Mari og Håvard, det var mykje armod og slit, og dei måtte flytte fleire gonger. Han arbeidde som slåttekar og spelemann. Det finst ikkje bilete av Håvard Gibøen, det vert sagt at dette er fordi han leid av den såkalla ”ratesjuken”, ein sjukdom som mellom anna førde til at nasen vart deformert eller borte.

Håvard spela mykje i lag med Myllaren. Både spelestil og lynne må ha vore ulikt, Rikard Berge seier at ”Håvard var den stille straumen, Myllaren den brusande fossen”. Håvard reiste heller aldri langt av stad med spelet sitt. Repertoaret var særleg gangarar og slåttar på nedstilt bas.

Kjetil Håvardson(1842-1919)

Etter soga lærde ikkje Kjetil Håvardson spel av far sin. Likevel lærde han seg det gamle spelet på anna vis, og førde det vidare både til Smedalbrørne, til sonen Knut Vågen og til andre lokale spelemenn som har vore med på å halde det gamle Gibøspelet levande blant spelemenn på Møsstrond.

Knut Dahle(1834-1921)

Knut Dahle var oldebarn av Knut Sønstaul. Han budde i Bakjordet i Atrå, og var eit samlingspunkt for spelemenn i heile fylket. Frå han var liten lærde han av Olav Håkanes, Hølje Førli og tildels også av gamle Hans Fykerud. Førli og Håkanes hadde lært av Knut Luraas, Håvard Gibøen og Knut Sønstaul.

Frå han var i 16-årsalderen lærde Knut spel direkte frå Håvard Gibøen. Knut Dahle er kjend for gode slåtteformer og godt dansespel. Han var svært nøye med at spelet skulle vera ”korrekt”, ein tradisjon som har halde seg i denne lina fram til i dag. Etter inspirasjon frå Myllarguten, laga han slåtten ”Rjukanfossen”.

Knut Dahle fekk 4 barn. Sonen Knut var ein god kvedar, og vart far til dei seinare storspelemennene Johannes og Gunnar.

Knut Dahle lærde vidare til sønesønene, Lars Fykerud, Vesle-Hans Fykerud, Svein Løndal og Torkjell Haugerud. Han reiste på fleire konsertreiser i nabobygdene og spela i mange gjestebod. Han var også i Amerika på spelferd i 4 år.

Mot slutten av 1800-talet var det dårleg med spelemenn som kunne ta vare på dei gamle tradisjonane i Tinn. Den nye tida hadde gjort sitt inntog, og interessa for felemusikken var ikkje som før. Knut Dahle var uroa for at slåttane skulle bli borte, og skreiv til Edvard Grieg og bad han ordne det slik at slåttane kunne bli skrivne ned på notar. Etter ein del om og men der Grieg truleg ikkje tok denne landsens spelemannen heilt alvorleg, vartdet til at grieg i 1901 gav kapellmester Johan Halvorsen i oppdrag å skrive ned slåttane etter Knut. Grieg vart oppglødd over musikken, og skreiv verket ”Slåtter – op. 72” med bakgrunn i desse nedteikningane.

Samlaren Arne Bjørndal frå Bergen var også seinare og skreiv ned slåttaretter Knut Dahle. Det vart også gjort voksrullopptak med Knut i 1912 og –15.

Johannes Dahle(1890-1980)

lærde spel av bestefaren Knut Dahle. Han var særs stø i tradisjonen, og hadde stor slåtterikdom. Enkelte kjelder hevdar at han kunne fleire hundre slåttar og slåtteformer. I tillegg til desse har han sjølv dikta bortimot 60 nye slåttar. Desse har etterkvart gått inn i tradisjonen. Johannes dahle spela hardingfele i kyrkja alt i 1925. Han vann landskappleik i 1920-åra, og fekk Kongens gull for spelemannsgjerninga si. Han var også med og stifta Tinn Spelemannslag.

Gunnar Dahle(1902-1988)

Mykje brukt dansespelemann som også hadde lært av johannes. Han arbeidde i mange år på Hydro, og det vart lite spel i desse åra.Men når han først kom i lag kunne han spela i dagevis. Gunnar Dahle var svært streng på at slåttane skulle lærast ”rett”. Han hadde også eit stort repertoar av runddansslåttar og folkeviseleik. Gunnar Dahle var leiar i Tinn Spelemannslag i 50 år, og fekk Kongens fortenestemedalje i sølv. I 1959 var han på konsertturne i Berlin saman med Einar Steen-Nøkleberg. Dei framførde da materiale etter Dahle/Grieg/Halvorsen.

Olav Øyaland(1922-)

Olav Øyaland har blitt rekna som den fremste nolevande tradisjonsberaren innan Gibø-tradisjonen. Han har vunne fleire landskappleikar, sist i 1997, 74 år gamal.

Olav Øyaland har teke vare på og brukar den opprinnelege tonaliteten i slåttane, og har også gitt ut CD.

Smedalbrørne

5 brør frå Seljord/Flatdal:

Olav, Harald, Gunleik(1878 - ?), Eilev(1889-1938), Gregar. I alle fall dei 4 første utvandra til Amerika. Bestemor deira var syster til Håvard Gibøen, og de hadde spel frå Kjetil håvardson og Knut Dahle, samt frå Borgenkarane og Lars Fykerud.

Eilev er den mest kjende av brørne. Han vart kirurg i Amerika, og spela inn ein del plater med norsk slåttespel. Han førde Gibølina vidare, men ber også preg av sterk påverknad av konsertspelet til Lars Fykerud. Harald vart sheriff, men vart ihelkøyrd i Amerika. Gjennom Gunleik og Eilev har spelet blitt ført vidare til

Høye Kvåle(1880 – 1960-åra) og

Eivind Mo(1904-1994)

Fødd på Rauland, busett i Seljord. Eivind Mo vann både kongepokal og landskappleik. Han var mykje i lag med vestlandsspelemenn som Halldor Mæland og Anders Kjærland. Læremeister var også

Olav Groven (1895-1929)

frå Gøytil. Han hadde, som bror sin

Eivind Groven(1901-1977),

både Gibø- og Myllarspel. Eivind Groven var samlar, spelemann og komponist. Han var folkemusikkonsulent i NRK i ei årrekkje, og skreiv ned 2000 folkemelodiar og 1300 feleslåttar, 800 av desse frå heimdistriktet. Eivind Groven vart mykje brukt som kappleikdomar. Mest kjend er han kanskje for utviklinga av det reinstemde orgelet. Han utarbeidde også framlegg til metode for notasjon av folkemusikk, og var oppteken av dialektiske forskjellar i takt, rytme og tonalitet. Mellom anna gjorde han forsøk med måling av taktunderdeling i springarslåttar med morseapparat. På trass av at han arbeidde mykje med teoretiske spørsmål, hadde ikkje Eivind Groven høgare musikkutdanning. Som spelemann blir broren Olav rekna som den beste av dei to. Han døydde ung.

Desse to høyrer ikkje direkte til i Gibøtradisjonen, men har likevel tileigna seg ein del av spelet.





.

 



Folkemusikkarkivet i Telemark, Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark - boe@folkemusikkarkivet.net - Tlf 35 06 06 86